mandag 5. mai 2008

Skiing by boat!

Tysdag i forrige veke la TK 1 og 2 ut på tur med vågar, og for anledningen så hadde me også pakka med oss skiutstyr, beregna for å ta seg ned bratt og flott lende, øks og jern. beregna for å ta seg opp bratt og flott lende, og mykje god stemning!

me segla til ei flott bukt, litt sør for ingangen av trollfjorden. nermare bestemt vasskråa, like under Braksettinden og innafor braksetholmen i raftsundet (for dei som er så heldige å ha vågankartet i besittelse og kan sjekka detta ut nærare).


Her demonstrerar elev Mai løvmo frå lom/namsos, ei tidleg utgåve av camelbacken.


Kveldane vart tilbrakt med bålkos, gitarspeling og anna avslappande tidsfordriv i svært behagelig temperatur. for ein som var komen rett frå svalbard så kunne det grensa til ubehagelig varmt, men det fekk ein ingen støtte av resten av gruppa for, sia dei alle nyleg hadde avlagt den spanske solkysten eit besøk... Fotografiet viser Meyer i kjent og kjær positur.


Middag må ein også ha, og etter sterk overbevisning og garantiar om napp, så baserte me oss på at me skulle få fisk, og handla derfor berre inn proviant i form av tilbehør. og ei god stund trudde me faktisk at odd arne for første gong hadde teke feil angåande fiskeri, for etter timar på havet hadde me berre fått ein liten sei, som til og med var for liten til å gjere anna halvmett..... men etter bruk av gamle fisketriks, kjerringråd, trylleformlar, banning og hektisk ekkoloddvirksomheit, så fekk me endeleg så pass fangst at det rakk tiul middags.


Odd arne speidar ut over dei unge og lovande, og passar på at alt går rett for seg. odd A viste også seinare god stil ved å flekka barisen og nyte sola som stråla på himmelen.


då me låg og dreiv på utsida av storemolla kom plutseleg noko stort flytande forbi båten. nysgjerrige som me er snudde me heilt om og fiska opp den nylig observerte UDO'en (Udentifisert Drivande Objekt) . det viste seg å vera ein stein daud havørn, som me her ser anna poserar med. ørna vart seinare overrakt til John Stenersen for vidare studier.

skitur vart det og! planen var å bestiga store trolltind, men den visste seg å vera eit klasse 1 fjell denna dagen. dvs: at den var svært vanskelig å komme opp på i det hele tatt. dette var på grunn av det svært varme været, som gjorde at det kontinuerlig kom dalende ned interresante coctailer av snø, is og stein. og når ein då skal forsere en lang smal renne, som fungerar som sluk for all den spennande materien som vert påverka av sola og tyngdekrafta, for å komma til topps med 15stk, så vert det litt for spennande for ein ellers spenstig folkehøgskole lærar.

men flott slusj skikjøyring vart da lell, frå ca. 800 mohog heilt ned til fjøresteinane.

3 kommentarer:

Bowren sa...

Det var en jævlig stor fugl! Hiv ham på grillen?

Jørgulf sa...

ja me føreslo da før han odd arne, men han va fast bestemt på å via fuglen til vitenskapen...

Bowren sa...

Kjenner jeg Odd-Arne rett, spiste han kråka sjæl...